Lærerikt og gøy turleiarkurs!

Turleiarkurs med Nordhordland Turlag - april 2018
Turleiarkurs med Nordhordland Turlag - april 2018 Foto: jane Britt Daae

Det er alltid triveleg når turfolk kjem i lag. Turleiarkurs er ikkje noko unntak. Gratulerar for vel gjennomført og bestått kurs for ti nye turleiarar!

Helga 14. - 15. april 2018 held Nordhordland Turlag kurs for grunnleggjande turleiarar. Kurset er ein sjølvstendig kursdel av DNT si turleiarutdanning. 

Kurset var fullbooka med ti deltakarar, som kom frå Nordhordland Turlag, Osterøy Turlag, Askøy Turlag, seniorgruppen i Bergen, Bergen og Hordaland Turlag.

Turkunnskap, turleiing, orientering, organsisering, praktisk og sosialt, er gjennomgåande tema på kurset. Deltakarane er erfarne turfolk, og med turleiarutdanning får ein tilført kunnskap og erfaring til leie andre på tur, og planlegge og gjennomføre trygge og trivelege turar. 

Kurset vart leia av Rita Mathisen og Jane Britt Daae, og fann stad i Knarvik og Gaupås/Ytre Arna. Som bileta viser var det altfor fint ver, altfor fint iallefall etter kursleiarane sin smak. Likevel er det ikkje tvil om at kursdeltakarane fekk prøve seg i utfordrande situasjonar, noko dei handterte godt.

Gratulerar til alle ti! No gler meg oss til å vere med dykk på tur!


Skrevet av Jane Britt Daae 15. april 2018