Til Runderabben - høgste fjellet i Nordhordland

Jubileumsfeiring på Runderabben, 25.08.18
Jubileumsfeiring på Runderabben, 25.08.18 Foto: Jane Britt Daae

Tre gode ting på ein gong: Topptur, turoppleving og kakeparty!

Kanskje ein løyen kombinasjon, men sånn kan det bli når Nordhordland Turlag sitt 25 års jubileum skal feirast gjennom turopplevingar i 2018.

Toppturen

Runderabben er med sine 1292 moh det høgste fjellet i Nordhordland. Nett so vidt, for kommunegrensa til Høyanger går like i varden. Ein varde som er topptung og solid, ruvande i eit barskt høgfjellsterreng. Eit naturleg turmål når bursdag til Nordhordland Turlag skal markerast i turopplevingar. Då må me til topps!  Laurdag 25. august drog 24 turglade av garde. Med både god oppdrift og god framdrift i ca. 6 km frå anleggsvegen i Åsebotn, øvst i Modalen, er målet i sikte. Nett so vidt, for tåka vil også til Rundevarden, men turfølgjet kjem først. Heilt konge!


Turopplevinga

Ingen av turdeltakarane hadde vore til Runderabben før. Modalen er lang og fager, skilt syner veg til T-ruter og turisthytter i området, og plutseleg er følgjet i et vilt og vakkert fjellandskap. Runderabben sitt fjellplatå er karrig, og framleis ligg det snøfenner. Vermeldingane hadde vore ymse, men det sler ikkje til. Det vart veldig bra!  Skal veret først vere tema så var det mest opplett, så littsmåregn, så nett so vidt litt sludd på 1292 moh og så sol. Eit muntert, sutalaust og sprekt turfølgje fekk ein triveleg dag, iallefall var turleiarane smørblide og takka for ein fin tur. Eit godt lag og fellesskap. Alle kom seg heim med ei ny turoppleving på kontoen.


Kakepartyet

Kaker høyrer med i ei bursdagsfeiring. Ved turstart fekk mange av deltakarane ei ekstra bør med av den velsmakande sorten. På Runderabben vart det kransekake med flagg og bongbongar, heimelaga av Jenny på Sleire. Nammm. Så søkte turfølgje ly litt lenger nede og her svinga turleiarane opp med høgfjellsblautekake, muffins, bollar, saus og bær. Det vart nett so vidt nokon mista kaloriar på turen.  Festen er ikkje over, det er framleis kake igjen.

Gratulerer med jubileum, Nordhordland Turlag!

Takk for turen i dag og gjennom 25 år!







Skrevet av Jane Britt Daae 26. august 2018