Over vakre Masfjordfjell til Kalvedalshytta 

Til topps - Grønestølane/Båtevassfjellet
Til topps - Grønestølane/Båtevassfjellet Foto: Jane Britt Daae

Laurdag morgon 6. oktober 2018 står ein gjeng klare på Einestrand i Masfjorden, klare for fottur til Kalvedalen i Lindås. Ei spennande og innhaldsrik turoppleving er på gang – rett rundt nova i vår eigen fjellheim og bøgard.

Med Turlaget på tur

Det er Nordhordland Turlag som inviterar til fellesturen Over vakre Masfjordfjell til Kalvedalshytta. Det går fleire T-merka stiar til Kalvedalen, men denne gongen skulle ein stort sett halde seg på stølsvegar, lokalkjente turstiar og stundom også i dyretråkk. Ein artig variant for å oppleve både utsikt over både fjord og fjell, vatn, søkk og dalar, stølar og hytter frå ein anna vinkel og på ein anna måte.

Frå Einestrand ber det opp til Grønestølane også kalla Båtevassfjellet, ned til Klefjellsvatnet og Kringlevatnet, og så opp til Orfallet, Storevatnet og Kalvedalen turisthytte. Terrenget er kupert, og etter 8 timar på tur er både skrott og sjel takksame for å ta inn for landing. Samstundes er turfølgjet fyrst og fremst oppstemte over kva bøgarden har bydd på.

Rause folk til fjells

Då turfølgjet nærma seg Klefjellsvatnet kom Bjarte Kleiven roande og tilbydde oss skyss. Utruleg raust og flott gjort så me slapp å vete oss ut i elva ved Kringlevatnet. Det har jo regna rikeleg dei siste vekene så bekkar og elvar går bokstavleg tala over alle støvelskaft. Bjarte rodde oss bort til Nordalssetra der han og broren Inge fortalde historiar frå setra og området. Setra var ein av basane for Bjørn West-soldatar under andre verdskrig. Augene og øyrene til turdeltakarane spolte inn opplevinga på høggir, og me forlet stølstunet imponerte og audmjuke.

​​​​​​​Kalvedalen i haustleg prakt

Av kommunane i Nordhordland er det berre Modalen og Lindås som har turisthytter. I Lindås er me heldige å finne ope hus i Kalvedalen turisthytte eller Kalvedalshytta som den også vert kalla.  Den ligg i utkanten av det idylliske stølsmiljøet i Kalvedalen, som har ei historie attende til 1700-talet. Den dag i dag er det heldigvis nokre sauer att på beite. Det gjev meining sjølvom me veit det ikkje er sjølvsagt lenger at kulturlandskapa nyt godt av beitande dyr og arbeidssame folk som held stølar, bygningar og stølsvegar ved like.

Kalvedalen er omringa av flotte fjell, toppar og massiv, vassrike elvar og vatn, vegetasjon og naturverdiar me kan vere stolte av. På turen vår kjem det nokre regn- og sluddbyger som gjer gråfjella kontrastfylte og blanke. Grått skal ein ikkje kimse av, og me let oss bedåre når sola lagar lysstriper inn i den gyldne haustdagen. Det er gull det som glimar – også i Kalvedalen og i fjella omkring. Det er heilt sikkert.

Husrom og hjarterom

Når me nærmar oss Kalvedalshytta ser me at det er folk i tunet. Det er spennande korleis det gjer seg til, me er jo mange berre i turlaget sitt følgje. Og om ikkje det var nok, kom det stadig fleire blide turfolk inn på turisthytta denne laurdagskvelden. Me må finne ei ordning, og godt er det når fellesskapet fungerar, tek omsyn, deler på det som er og jenkar seg til kvarandre. Litt søvn vert det, og neste dag gryr lell. Fleire tenkjer at det er bra at Turlaget snart har ei hytte nummer to, ei sikringshytte, klar i Kalvedalen. Det må jo gje endå større husrom og hjarterom for me har hørt at det er best når det heng i hop. Søndag vaknar me med frost på bakkane og "melis" på dei høgste fjelltoppane rundt. Det er tid for turen heim.

Vakker bøgard

Etter frokost og opprydding ber det ut av Kalvdalen, opp på Klefjellsryggen til Kjellfjellsnipa og yste Klefjellet, før me skrår bratt ned Bukkebakkane og Gjeljeholet, til Sørkvingevatnet og Kvingo. Naturlandskapet har stor variasjon og det er flott å gå på Klefjellsryggen med fjorden framfor seg. Turleiarane snakkar i prosa over turområdet, og turdeltakarane tek fort etter. «Eg visste ikkje at det var så flott her». «Heilt fantastisk».  «Tenk eg har budd i Bergen så lenge utan å ha visst om dette området». Fellesturen avsluttar på det viset - i prosa over sjeldne og verdifulle verdshjørne i eigen bøgarden, like rundt nova der du ikkje skulle tru.

Takk for turen!


Sjå bileteserien under her:



Skrevet av Jane Britt Daae 9. oktober 2018