Er du klar for nye turopplevingar i haust?

Siste rest av sol og høst
Foto: Lars-Christian Unger
Nordhordland Turlag har fleire godbitar på turprogrammet no i haust!
Bli med på ein fellestur med flott natur og godt selskap!
Trykk i veg i denne turoversikten, og finn ein tur som passar deg! Er du medlem i DNT, får du ein rimeleg tur!
- Er du ein «Lars Monsen»? Bli med på til Lindås høgaste fjelltopp Sørdalsnuten! Ein teltur – laurdag 7. september – søndag 8. september.
- Likar du Vossakurv og vossataus, likar du kanskje også Vossafjella? Bli med på ein rundtur og topptur opp til 1400 moh - Urdshovdi rundt frå Myrdalen - søndag 8. september!
- Er du ein «gubbe»? Bli med «Gretne gubbar til Stølsheimen»! Ein helgetur i godt selskap til Norddalshytta i Modalen 14. – 15. september.
- Likar du toppturar? Bli med til Austlendingen i Lindås søndag 22. september!
- Er du ein vaksen ungdom eller ung vaksen (20-34 år)? Bli med på helgetur til Kalvedalen - 4.-6. oktober.
- Likar du fjella i Stordalen i Masfjorden/Høyanger? Bli med på søndagstur - 6. oktober!
- Likar du nærturen best? Bli med på søndagstur til Øvre Åse og Gladihaug i Lindås – 6. oktober!
I tillegg har Nordhordland Turlag eit turprogram for Alver kommune, onsdagsturar og padleturar!
Kvifor sitje inne når alt håp er ute?!
Vil du bli medlem i Nordhordland Turlag og DNT? - Trykk her for meir informasjon!
Velkommen på tur med Nordhordland Turlag!