Bli med på tur i 2020!

Foto: Tonje Løvland

På haustmøtet 19. november vert nokre av turane i 2020 opna for påmelding.

Det er 19. november og Cecilie Skog kjem til Nordhordland Turlag sitt haustmøte. Turlaget vil bruke høvet til å lansere nokre av turane for vinteren og våren 2020. I tillegg til nokre utvalte turperler, vert det DNT-ambassadørkurs og DNT-turleiarkurs i Nordhordland i april 2020. 

Lanseringsdato for heile turprogrammet 2020 vil komme. Me kan røpe at det er mykje godt på gong, og me håper 2020 vert året du blir med Nordhordland Turlag på mange turar.

Velkommen til haustmøte, og ikkje minst til påmelding på flotte turar i 2020!


Skrevet av Jane Britt Daae 19. november 2019