Budeiedilten til Margrethe!

Margrethe friskar opp listene på Kalvedalshytta
Margrethe friskar opp listene på Kalvedalshytta Foto: Jane Britt Daae

Årsmøtet heidra ein triveleg og nevenyttig lagbyggjar etter mange års innsats: Margrethe Myking

Margrethe Myking er tildelt prisen BUDEIEDILTEN! Ein pris til ein frivillig i laget som har utmerka seg over tid.

Grunngjevinga er: Årets budeiedilt er ein høgt verdsett frivillig og tillitsvalgt gjennom mange år i Nht. Anerkjent god og uredd for å ta i eit tak, både i styre, i utval og i felten. Allsidig, triveleg og nevenyttig. Spesielt god som lagbyggjar, flink å invitere folk med seg, lage god stemning og få folk tilbake på dugnadsarbeid. Nytenkjande og kjem med nye idear for å få nye frivillige med, få gjort det praktiske arbeidet på eit hytteanlegg, til å lage Facebook - side, og sy «hytte-bunad». Årets Budeiedilt er leiar av hyttestyret i Kalvedalen turishytte.

Tusen takk for all innsats, og GRATULERER 🌹

Tilsynstur ein kveld til Kalvedalen
Tilsynstur ein kveld til Kalvedalen Foto: Jane Britt Daae

Skrevet av Jane Britt Daae 4. februar 2020