ONSDAGSTURANE I NORDHORDLAND ER OGSÅ PÅ VENT

Spjotøy
Spjotøy Foto: Jan-Otto Natland

Alle onsdagsturane er planlagde, og vi startar opp med dei så snart det igjen er forsvarleg

Nedanfor her finn du ei oversikt over turane og møteplass  i 2020, både dei som vi skulle ha gått allereie og dei som er planlagde framover.

Ei god veke før kvar tur vil vi leggje ut informasjon om neste tur med ei meir detaljert skildring. Som alltid vil dei fleste av turane vere på ca 2 timar.  Men rundt midtsommar har vi valgt å gjere turane nokre kilometer eller høgdemetre lengre for å nytja dei ljose kveldane. Og første og siste turen er noko kortare.

Turleiarar vert som alltid turglade folk som er godt kjende i områda turen går i.

 Vi håpar at det ikkje skal gå alt for lang tid før vi er i gang. Når det skjer, vil vi vurdere om vi kan tilpasse programmet slik at vi kan få med dei fleste turane i løpet av året. Kanskje vert det onsdgasturar i juli og med hodelykt i oktober? Det vil tiden vise.

Om nokon vil skrive ut turane er det også ein pdf tilgjengeleg her:https://s3-eu-west-1.amazonaws.com/turistforeningen/files/65bcbd0bdab92311a92f77c9a92b0fddb4389d98.pdf

Vi gler oss til at vi skal møtast og fram til då vil vi sjølvsagt oppmode alle om å gå tur kvar onsdag uansett. Fordelen du har fram til då er at du sjølv kan velje kvar turen skal gå :-)  Minner også om at vi kan støtte dei lokale idrettslaga eller evt DNT i Bergen, som har ulike tilbod med turorientering, turposter eller topptrim. Jakten på stolpar starter også denne helga og onsdagsturane vil i løpet av sesongen  gå innom ca 15 av desse.

Ha ei fin påske.


Turlagshelsing frå

Ragnhild, Vegard og Jan-Otto


Jan-Otto Natland - 90584618


Onsdagsturar Nordhordland 2020 med frammøteplass

25.3.  Storeknappen (litt kort tur)         Fossemyra              

1.4.    Litlåsfjellet                                       Vasstårnet              

15.4.  Tveitavarden                                   Galteråsen              

22.4.  Morkenfjellet                                  Lifjellet                                 

29.4.  Eikelandsvatnet                              Golfbanen               

6.5.    Sæterkletten                                    Åsgard kai                           

13.5.  Ramusfjellet-Hjertåsfjellet          Framo Hjertås                   

20.5.  Kapperdalen                                   Krokjen busstopp 

27.5.  Steinalderstien Rapeneset            Fosnstraumen                   

3.6.    Nordnipa-Krossfjellet                   Meland kyrkje                   

10.6.  Sjokletten-Krossane-Gladihaug  Hopsdal                    

            (litt lengre tur)

17.6.  Vabø-Ådnøy                                     Vabø                         

24.6.  Eldsfjellrunde (litt lengre tur)    Rossland skule       

                SOMMARPAUSE

12.8.  Skageneset                                      Det gamle kommunehuset på Manger                               

19.8.  Skausnøya                                       Skauvegen              

26.8. Krossøygavlen                                 Krossøy                               

2.9.    Namtveit-Holeåsen                       Namtveit                 

9.9.    Øyjordsfjellet                                  Landsvik                  

16.9.  Urdal-Vikesetra                              Urdal                        

23.9.  Konglevollomr.                               Ungdomshuset Dalheim             

30.9.  Lindåsomr.(litt kort tur)              Spjeldneset                             


Skrevet av Jan Otto Natland 3. april 2020