Lån ein TURLEIAR til SØNDAGSTUREN!

Nytekning må til når korona-situasjonen set preg på den vanlege aktiviteten vår. Så her kjem ein ny moglegheit til DNT-medlemar i Nordhordland.

Korona-situasjonen gjer at Turlaget ikkje kan ha fellesturar med mykje folk. Vi som har verdens beste turleiarar, rastlause  og motiverte for å dele turopplevingar. Så her kjem eit kreativt forslag til DNT-medlemar i Nordhordland:

Lån ein TURLEIAR til SØNDAGSTUREN 10. MAI 2020!

Registrer turønskjet ditt ved å registrere deg via den raude påmeldingsknappen til høgre. Du må gje opp kva du ønskjer:

  • Fottur eller padletur(må ha eigen kajakk)
  • Vanskegrad (lett-middels-krevjande)
  • Drømmetur: Kor kan du tenke deg å gå tur?
  • Vil andre i same husstand som deg på turen? Oppgje antall personer

Reglar: Turlaget si gjennomføring skal ivareta smittvern. Kun 5 stk i kvar gruppe (inkl. turleiaren/turleiarane), minst 2 m avstand under turen, ingen deling av utstyr eller mat.

Turønskje må vere i Alver, Masfjorden, Modalen eller Fedje kommune. Tilbodet er gratis! Først til mølla!

Utfrå dette vil vi lage eit tilbod til deg og andre i små grupper!

Velkommen til søndagstur!