Arkivert artikkel!

Artikkelen er ikke lenger aktiv og innholdet kan derfor være utdatert.

No startar onsdagsturane!

Ut på tur - aldri sur!
Ut på tur - aldri sur! Foto: Kari Sauer

Første tur i Alver/Austrheim vert som planlagd til Sjokletten, Krossane og Gladihaug 10. juni. 

Nedanfor her finn du òg oppdatert liste for resten av året. 

Vi har endra litt i programmet og utvidar  før og etter sommarpausa. Nærare skildring av kvar tur kjem etter kvart, om lag ei veke før den skal gå. På grunn av Covid 19-pandemien må vi ha påmelding frå alle som kjem på tur denne første tida, for å hurtig kunne spore evt smitte. Korleis påmeldinga skal gå føre seg kjem det infomasjon om  på denne sida i løpet av denne veka.

Førehandsreglar som gjeld:
Alle må halde ein meter avstand på tur og dette vert det oppfordra til og under transport til og frå tur. 
Ingen deling av mat og drikke og elles må vi følgje dei hygienereglane vi har lært oss etterkvart.

Vi gler oss til å komme i gang!
Turhelsing frå Ragnhild, Vegard og Jan-Otto


Her er oppdatert turliste:

10.6.  Sjokletten-Krossane-Gladihaug       Hopsdal                    

           (litt lengre tur 2.1/2-3 t)

17.6.  Rundtur på Vabø                              Ballbanen på Vabø                         

24.6   Tveitavarden                                     Galteråsen          

1.7.    Eldsfjellrunde (litt lengre tur)        Rossland skule       

                SOMMARPAUSE

5.8     Morkefjellet                                    Lifjellet

12.8.  Skageneset                                      Det gamle kommunehuset på Manger                               

19.8.  Skausnøya                                       Skauvegen              

26.8. Krossøygavlen                                 Krossøy                               

2.9.    Namtveit-Holeåsen                       Namtveit                 

9.9.    Øyjordsfjellet                                  Landsvik                  

16.9.  Urdal-Vikesetra                              Urdal                        

23.9.  Konglevollomr.                               Ungdomshuset Dalheim             

30.9.  Lindåsomr.(litt kort tur)              Spjeldneset                             



Foto: Kari Sauer

Skrevet av Jan Otto Natland 3. juni 2020