Kom deg ut - dag i Nordhordland

Søndag 7. februar 2021 skjer det!
Borna sitt Turlag og DNT Tilrettelagt i Nordhordland arrangerer 5 ulike turar på DNT sin Kom deg ut - dag:
- Dagsturhytta Vardetangen (universelt utforma)
- Dagsturhytta Masfjorden
- Krinslia
- Storeknappen
- Manger (universelt utforma)
Premie til alle borna.
Det er gratis å vere med, men smittevern gjer at alle må melde seg på.
Om smittevern: Kom deg ut - dagen vert litt annleis i år. For å ivareta smittevern er det påmelding for alle, små og store må registrere seg på den turen dei vil vere med på.
Alle deltakarane har sjølv ansvar for å halde god nok avstand til andre. Er du ikkje i form eller har forkjølelsessymptom må du vere heime. Om DNT smittevernsinstruks for aktivitet, les meir her