Frå topp til topp rundt Hindenesfjorden

Utsikt frå Djupedalseggene 446 moh
Utsikt frå Djupedalseggene 446 moh Foto: --- Anne Helen Eidsheim

Flott dag ! Fantastisk tur! Med ein super avslutning som toppa opplevingane denne søndagen i mai


 I alt 16 personar deltok på denne turen søndag 21 mai

Oppmøtestad var Ostereidet, så i bil  ca 1/2 time langs Hindenesfjorden til Høgdane, Stranda, 138 moh.
Her starta fotturen over Strandafjellet (Velandseggjane) i strålande sol og sommarvarme i lufta:
Første stopp  var Djupedalseggene ( 446 moh), etter vel ein time. Flott utsikt over Austfjorden og ut til  Hosøy, over mot Kjekallevågen og Dyrdal i nordvest, og mot Kløve på motsatt side. Drikkepause, fotografering og så videre "på verdens tak" med storslått utsikt. Fram til Storsæt etter ca 5,5 km og 2 timar. Kom inn i tunet der bord var dekka, stolar klar, samt forfriskande frukt, kaffi m.m.var satt fram. Det var berre å nyta servert og medbrakt. Godt med ein pause her i dette  vide utsynet.
Så videre et lite stykke på grusvei før me gjekk bratt ned skogen til Kvommo (Kvømmo). Ivrige og dyktige lokale viste oss veg på "nymerka" sti ned her.
Herifrå vart det litt over 2 km på vei til Helltveit. Liten pustepause før oppstigning til Bjørge. På sti, veg og innatt på sti til Bjørgafjellet (Såto) 354 moh., no var det kome låge skyar, og såvidt nokre regndråpar, så utsikta vart litt dårlegare, men me fekk forklart og fann heile vegen kjente "landemerke". Kunne følgja med ruta tilbake der me hadde vandra så langt.  Vidare  til Seterkletten 300 moh. Bra tørre stiar og god turleiing gjorde turen til ei flott oppleving.
Etter totalt ca 7,5 timar enda turfølgjet opp på Åsgard Brygge, -Lindås svar på Aker brygge? Overraskelse for dei fleste !! For ein fin og triveleg plass! Og for ei oppvarting! Fekk nyta litt fjordutsikt på brygga før regnet verkeleg satte inn! Så heldige me hadde vore!  Serveringa gjorde godt i ein sliten skrott. Det vanka varm betasuppe med tilbehør, kaffi og kake, og jammen ein quiz for å trena dei små grå litt også.
Flott å kunne ha ein slik lokal, litt lengre topptur. Heilt ny tur for nokon, delar av turen var ukjent for andre. Slike langturar lokalt kan me gjerne ha årleg ! Kom med idear!

Takkar så mykje turleiar Kari Sauer, og hennar dyktige medhjelparar! "


Sjå biletseriar under; kor kjekt me hadde det! Bla og nyt  ☺