Engasjerande turleiarsamling

Ein god gjeng av turleiarane i Nordhordland Turlag.
Ein god gjeng av turleiarane i Nordhordland Turlag.

Tirsdag 6. juni 2017 var ikkje mindre enn 24 turleiarar samla. Praten gjekk godt om ynglingstemaet: Tur, tur og atter tur.

Samling i bånn og turpraten går

Det er alltid kjekt når turlagsfolk møtast. Praten går fort. Sjølv på overtid vart ikkje praten ferdig, så det blir meir av turleiarsamlingar. Turprogramnemda for 2018 hadde invitert til idemyldring og dialog om turar og aktivitetar i laget. Det likar me å prate om.  Temaene var:

  • Korleis få fleire på tur?
  • Kor er turperlene i Nordhordland?
  • Korleis engasjere og byggje eit godt turleiarmiljø?


Nordhordland Turlag – eit godt lag

Nordhordland Turlag er eit stort lokallag med god medlemsvekst. Talet på turdeltakarar følgjer likevel ikkje den same positive utviklinga. Det gjev ein ekstra piff til å diskutere i store ord: Korleis få fleire med ut på tur? Kva turar ønskjer me å tilby? Kva har me av turperler i Nordhordland, som me syns folk må få oppleve? Korleis styrke turleiarane, mannskapet? Korleis skape fleire positive sirklar med inkludering og lagsutvikling?

Mykje er på plass allereie i dag. 6 vinterturleiarar, 11 sommarturleiarar, 25 grunnleggjande turleiarar, 1 breførar (snart 3), og aktive tillitsvalte som jobbar høgt og lågt. Men ein treng ikkje vere dårleg for å ville bli betre. Nordhordland Turlag gjer eit godt forarbeid når turleiarressursen engasjerar seg.


Turåret 2018

2018 er eit jubileumsår. Nordhordland Turlag fyller 25 år. DNT fyller 150 år. Skavlabu turisthytte fyller 20 år. I tillegg er det planlagt å byggje ny sikringshytte i Kalvedalen. Dette gjev oss mange grunnar til å feire og gjere noko ekstra. Etter kveldens turleiarsamling har me fått avdekka mange turperler, eit godt utgangspunkt for å gje Nordhordland eit jubileumsdryss av naturopplevingar.

Det er også eit ynskje at 2018 blir eit kursår på den måten at kurstilboda er del av turprogrammet, og at ein må satse på kurs for turleiarane. Allereie for 2017 er det ønskje om ettermiddagssamlingar med tema som turplanlegging, turleiarrolla, publisering (sherpa og sosiale media). Og so vil me ha ei hemmeleg gruppe på Facebook...


Oppsummert: Her kan det bli meir moro!

Takk for engasjementet ein tirsdagskveld!


Helsing turprogramnemnda for 2018 – Asle, Børge og JB