Til seters, til seters - fellesturen drog!

Til seters med Nordhordland Turlag
Til seters med Nordhordland Turlag Foto: Jane Britt Daae

1.-2. juli 2017 vart ei innhaldsrik turhelg med setrar, stølsvegar og topptur!

Nordhordland Turlag hadde laurdag 1. juli -  søndag 2. juli 2017  fellestur frå Kvingedalen til Urdal/Vikanes. I løpet av helga var det mange turmål: Blådalsvatnet, Illestigsskaret,  Reknes- og Dusundsetra, Kleivsbotten, topptur til Horga 804 moh, overnatting i Kalvedalen turisthytte, besøk til Fjelde gard, og så ned via Urdalssetra før ein landa i Urdal ved E39. Det var mange opplevingar, natur og kultur, som perler på ei snor i eit kupert og fagert landskap.

Deltakarane kom frå Bergen , Os, Lindås, Gulen og Masfjorden. Fullteikna med 11 deltakarar til 10 plassar. Det var ein munter og sprek gjeng som kosa seg med å verte kjende på nye område. Tre av deltakarane hadde vore i Kalvedalen før, og det var artig å komme seg dertil på sti utanfor dei raude T-ane. Etter 8 timars tur på laurdag smakte middagen (raspeballar) veldig godt. I turfølget var det også eit bursdagsbarn som fekk kaker, ballongar og song.

BKK hadde lånt turfølgjet nøkkel til Fjelde gard. Det var kjærkome i regnveret på søndag. Besøket til den nedlagte fjellgarden var interessant, som å gå 100 år tilbake i tid.

Turleiarane, Jane Britt og Kjell Ove, takkar for ein innhaldsrik og kjekk tur! 

Her kan du følgje turen i bilete: