Dugnad på hytter og ruter

Dugnadsfolket er bærebjelken i Turlaget
Dugnadsfolket er bærebjelken i Turlaget Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Nordhordland Turlag er driven ved hjelp av dugnadshjelp, og dette kan kan me ikkje få takka dugnadsfolket nok for. Men, det er plenty å gjere, og det er alltid plass til nye dugnadsinnstilte turfolk. Velkomen skal du vere!

Hyttestilsyn

Nordhordland Turlag har ansvar for tre hyttetilsyn av Bergen og Hordalandsom ser til dei tre hyttene våre, sumar som vinter. Treff du dei på hyttene våre, så gje dei ei hjelpande hand om du kan. Dette er kjekt arbeid! Kontaktpersonar er:

Skavlabu: Lillian Åkre, 941 37 435, lillianaakre@gmail.com

Vardadalsbu: Kari Sauer, 948 14 255, kari.sauer@hotmail.no

Kalvedalen: Margrethe Myking, 980 56 347, margrmy@online.no

Løypemerkings gruppe

Klart at dei raude T`ane må friskast opp innimellom, for alles sikkerheit. Leiar av løypemerkinggruppa, Jan Ivar Berge, ser til at denne oppgåva vert utført ved behov. Det du kan gjere kvar gang du er på tur langs våre merka stier, er å sjå til alle steinvardene. Legge stein oppattpå eller legge ein ny til. Jan Ivar kan kontaktast på 917 15 487 eller jani-ber@online.no.

Turleiarar

Turleiarar til at turane vert avvikla trygt og etter planen. Dei er skodd i førstehjelp og turleiing, og er røynde turfolk. Vil du verta turleiar, meld deg på kurs idag.  Les også mer om det å være turleiar her.