HYTTENE VÅRE

Nordhordland Turlag har driftsansvar for 3 hytter i Stølsheimen og Lindåsfjella. 

Les meir om hyttene og turstinettet ved å klikke på lenkene, eller sjå
www.UT.no

Kalvedalshytta

Skavlabu

Vardadalsbu

Fjellvassbu (Privateid)

Husk at tidlegare turisthytte i Dyrkolbotn er stengt!

Vardadalsbu, Stølsheimen sommer 2016
Vardadalsbu, Stølsheimen sommer 2016 Foto: Frikk H. Fossdal
Skavlabu, Stølsheimen sommer 2016
Skavlabu, Stølsheimen sommer 2016 Foto: Frikk H. Fossdal
Oktober 2015: Kalvedalshytta i sørvestre deler av Stølsheimen
Oktober 2015: Kalvedalshytta i sørvestre deler av Stølsheimen Foto: Jane Britt Daae, Bergen og Hordaland Turlag
06. september: Fjellvassbu, et sjarmerende lite krypinn i Stølsheimen vest.
06. september: Fjellvassbu, et sjarmerende lite krypinn i Stølsheimen vest. Foto: Jane Britt Daae, Bergen og Hordaland Turlag

Fjellvassbu er ei privateigd sikrings-og sankebu. Den er åpen for fjellfolk etter sjølvbetjeningsprinsippet til DNT.


Denne hytta er privateigd, men har besøksreglar tilsvarande DNT sine hytter. Ein  betalar på hytta, og ordnar  ellers opp for seg ved avreise. Fra stistart ved Stordalen Fjellstove må ein berekna 2-3 timars gange langs tydelig t-merka sti, i kupert terreng. Ein kan også gå tur/retur på ein dag. Det er greitt å ta med seg barn inn hit, også mindre barn dersom de er vant til å gå i terreng. Hytta er stengt frå 1. januar til 30. april

Stordalen Fjellstove gjev medlemmar i DNT rabatt på måltider og overnatting.

Stordalen er utgangspunkt for eit godt utbygt rute- og hyttenett i Stølsheimen både sommar og vinter. Her kan du gå frå hytte til hytte i fleire dagar. Det er ruter til Ortnevik, mot Vikafjellet, Mo og Dyrkolbotn. Det er berre å snøra fjellskoa, pakka sekken og leggja ut på tur.